Tidleg ein søndagsmorgon i august 2012 vart livet brått snudd opp ned for meg og dei to gutane mine. Brutalt og uventa. Kvelden før var sambuaren min hjå naboen. Det regna og tordna den kvelden. Eg gjekk og la meg, og kl 2 vakna eg av minsteguten. Ringte til sambuaren min, og han sa han skulle komme ei lita stund etter. Eg sovna igjen, og vakna kl 6 av at minsten ville ha mat. Sambuaren min var ikkje der, sjølv om eg i løpet av natta/grytidleg morgon hadde fornæmma at han hadde vore der. Eldsteguten hadde i løpet av natta kome inn og lagt seg på faren si side av senga.
Eg ringte til sambuaren min. Lot det ringe heilt ut. Om igjen og om igjen. To gonger vart anropet avvist, så nokon måtte vere i andre enden. Eg ringte vel 10 gonger før eg tenkte at eg måtte stå opp og gå ut og sjå etter han. I tunet sto arbeidsbilen hans, men den andre bilen hans, den som eg pleide å køyra og, var vekke. Eg vart veldig uroleg, og ringde til mor hans. Ho kom fort. Me fortsatte å ringa han, og lurte på kva me skulle gjera.
Klokka var vel blitt 7.30 då ein sølvgrå stasjonsvogn kom køyrande. Sakka farten, og mannen i bilen såg opp på huset... Stoppa på andre sida av vegen... Bladde i nokre papir, før han gjekk ut av bilen og mot huset... Eg vart veldig uroleg. Hadde minsteguten på armen, og då eg såg det kvite på den svarte skjortekragen til mannen skjønte eg kva som var i ferd med å skje. Eg gav minsten til svigermor. Så ringte det på døra. Eg sto på kjøkkenet, han kom inn i gangen. "Det har vert ei trafikkulykke. Lars er død". Alt raste. Eg låg på golvet og skreik. Grein ikkje, berre hylte. Minstemann vart redd og skreik, og eldstemann holdt seg for øyrene. Eg hadde ikkje kapasitet til å ta meg av dei. Det var berre ein tilfeldighet at eg hadde fått tak i svigermor så tidleg på morgonen, og godt var det. Ho klarte å ta seg av dei på tross av at ho nettopp hadde fått vite at sonen var død.
Kom meg etterkvart inn på sofaen, og dei satt eg og skalv og sa "nei... nei..." mange gonger. Eg vart fysisk nummen i hender, føtter og ansikt. Etter ei stund reiste presten, og me måtte ta nokre tunge telefonar. Søstrene hans kom. Foreldra mine kom. Nettavisene la ut meir informasjon enn me hadde fått av presten. Eg ringte til politiet og ba dei komme heim til oss med meir info. Det tok ei stund før eg huska at det var eg som hadde ringt dei den morgonen. Svigermor ringte til sjukehuset, som sendte legen i kriseteamet.
Eg ringte tre aviser og ba dei vise litt respekt og fjerne bilder som viste litt for mykje for min del... Dei respekterte meg delvis.
Politiet kunne fortelle om stor fart, regnvåt veg, og deler av bilen spredt over eit stort område. Det ville bli gjort undersøkingar som ville gi meir informasjon blei me fortalt. Det var politiet som hadde hatt telefonen hans og avvist to av anropa frå meg.
Legen kom og snakka med oss, og spurte kven han kunne kontakte for oss. Han tok kontakt med begravelsesbyrået den dagen, og fastlege, BUP og helsesøster dagen etter.
Eldstemann var enno ikkje blitt forklart direkte kva som hadde skjedd. Eg syns det var vanskeleg å vite korleis det skulle bli fortalt. Det vart til at tanta hans sa det til han, på ein konkret måte. Han hadde litt spørsmål, og så fortsatte han å leike. Innimellom spurte han litt.
Heile dagen gjekk eg rundt i ei boble. Folk grein, eg klarte ikkje. Eg trudde ikkje på det. Klarte ikkje forstå at han var vekke for alltid. Men eg husker at eg tenkte at eg blei nødt til å selge huset.
Først då prest og begravelsesbyrå ringte byrja det å gå litt opp for meg. Då kom tårene. Eg satt på Baby Björn-krakken på badet, og ettermiddagsola skein inn glaset.
Seinare på kvelden kom han frå begravelsesbyrået. Det hasta litt å ordne med dødsannonsen som skulle i lokalavisa. Eg meldte meg ut av det, dei andre tok seg av det. Eg sa berre at eg ville ha eit hjerte på toppen.
Fekk masse meldingar på telefonen, og Facebook var full i hjerter. Det var mange som viste at dei brydde seg.
Heile dagen var det folk hos oss. Mor mi skulle bli hos oss så lenge me ville. Det vart fryktelig tomt på kvelden då alle untatt ho reiste. Såg på klokka og tenkte at for ein døgn sidan var han fortsatt i live... Det vart lite søvn den natta...