mandag 22. april 2013

Ein start...

Ein søndag morgon i august 2012 vart livet brått snudd opp ned for meg og dei to gutane mine. Sambuaren min, og far til gutane, omkom i ei bilulykke. Minstemann var nesten 6 mnd, og eldstemann var to veker unna å fylle 4 år. Verda mi raste saman...

Bloggen vil eg bruke til å skrive av meg litt, mykje av dette har vore ganske traumatisk. Sjølv om eg får hjelp, er det godt å skrive av seg litt og. Eg føler meg veldig einsam med denne sorga, så kanskje vil bloggen etterkvart hjelpe andre som er i ein liknande situasjon?

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar