fredag 17. mai 2013

Begravelsen


Fire dagar etter ulykka, på ein torsdag, hadde me begravelse. Eg grua meg og var uroleg på førehand. Førebuingane hadde eg ikkje tatt så stor del i, eg klarte ikkje tenke i dei banar. Eg bestemte ein salme, Gje meg handa di ven, men den trur eg hadde blitt valgt uansett.

Då me kom til kyrkja hadde me i den nærmaste familien ei stund for oss sjølv. Det vart teke bilete for at gutane skal ha minner frå dagen.  Etterkvart kom det ganske masse folk. Mange eg ikkje visste kven var ein gong. Minstemann vart plassert eit par benker bak oss, eg hadde spurt naboen om ho kunne ta seg av han så eg kunne fokusere på eldstemann. Han hadde mange spørsmål som eg ikkje klarte å svare på... Kvifor det var eit teppe på bordet som kista sto på, og kva som var under det f.eks.

Eigentleg hugsar eg ikkje så mykje frå begravelsen. Hugsar best stemninga, og lyset. Det vart spelt Northing else matters og Stairway to heaven på orgel. Presten holdt tale. Det var salmar. Opplesing av helsingar på blomane.  Etter den siste salmen var det tid for å bære kista ut og gå den tunge vegen bort på gravbakken. Det er eit par hundre meter å gå, men eg hugsar lite av det.


Ved grava kasta presten jord på kista, Fager kveldssol smiler vart sunge, og kista vart seinka halvvegs ned i bakken. Presten kom bort til meg og sa at eg kunne berre ta kontakt om eg følte for det.

Mange kom og kondolerte oss. Og ein del eg ikkje kjente. Då me til slutt skulle gå frå gravbakken følte eg meg letta. Trykket som hadde bygd seg opp inni meg dagane fram mot begravelsen letta.

 
 

 

onsdag 1. mai 2013

Dei første dagane

Den første tida etter ulykka er som ei stor tåke. Eg husker berre bruddstykker. Enkelte ting husker eg veldig detaljert, andre ting ikkje i det heile tatt. Dagen etter ulykka våkna eg tidlig. Hadde sove veldig lite den natta. Legen frå kriseteamet fraråda bruk av beroligande medisin første natta, men eg ville ikkje ha i det heile tatt, sidan eg hadde to små å ta meg av, i tillegg til at eg amma minsten.
Mor mi fulgte eldstemann i barnehagen, planen var å oppretthalde hans kvardag så godt det lot seg gjere. Barnehagen var blitt informert dagen før, og dei hadde allerede hatt møte. Ei lita stund var eg aleine heime med minsten, me låg i senga, og eg følte meg forferdelig skjør. Etterkvart kom resten av familien, og det blei folksomt igjen.

Den dagen ringte telefonen masse. Først ringte ein lege frå BUP. Eg hadde bedt om at dei skulle ta kontakt med meg då legen frå kriseteamet var hos oss dagen før. Fekk time allerede den dagen. Helsesøster ringte. Presten ringte. Legen min ringte mens eg snakka med presten. Barnehagen ringte og sa at eldsteguten hadde kasta opp. Han blei henta, og han var lei seg for at han hadde spydd opp skjeva si. Begravelsesbyrået kom. Begravelse blei planlagt. Eg måtte ta stilling til ting eg aldri i verden trudde eg skulle måtte ta stilling til som 28-åring. Spørsmålet om å få sjå han kom opp. Nokon i familien var sikre på at dei ville sjå han, eg hadde ikkje tenkt tanken. Det var mogeleg å få det til dagen etter. Eg var fryktelig usikker. Fekk vite at dersom eg var usikker burde eg gjere det. Sjansen kom aldri igjen.

Dagen etter kom presten. Me snakka om begravelsen, og om Lars. Ho trengte "materiell" til talen. Etter at ho hadde reist, reiste me ned på sjukehuset, der det skulle vere syning i kapellet. Eg hadde enno ikkje bestemt meg for om eg ville. Alle dei andre var inne før meg, og eg fekk bruke lang tid på å nærme meg og forberede meg. Legen frå kriseteamet var der. Sto lenge i døråpninga og såg inn på kista. Kunne sjå at han var skada. Eg svimla litt ei stund, eg hadde visst gløymt å ete den dagen. Eg hadde med meg ei spesiell rose frå hagen som eg hadde bestemt meg for å legge i kista til han, så eg skulle klare å nærme meg. Då eg kom inn sto eg og stirra på han i kista. Det var heilt merkeleg. Kunne sjå at det var han som låg der, samtidig som det ikkje var han. Det var akkurat som om han ikkje var der. Ansiktet var stivt, all mimikk som gjorde han til den har var, var vekke. Etterpå satt eg litt på ein benk i korridoren, og kom på at eg så gjerne skulle hatt ein hårlokk frå han... Han hadde så fint og mjukt hår. Det var ingen problem å få det til, og eg gjekk derfrå med ein bit av han innpakka i eit tørkepapir i lomma.

Å sjå han i kista er det verste eg nokon gong har gjort, samtidig som eg følte då, og fortsatt føler, at var heilt nødvendig. Eg følte meg veldig tom og rolig etterpå. Grein ikkje på over eit døgn.

Eg måtte bestemme om eldstemann skulle få sjå han og, men etter å ha sett kor skada han var bestemte eg at han ikkje skulle sjå han. Det var traumatisk nok for meg. Men sjølv om eg har sett han død i kista husker eg han fortsatt slik han var i live.

Onsdag, dagen før begravelsen, var me i kyrkja for å førebu eldstemann på begravelsen. Han fekk veldig god kontakt med presten, og fekk omvisning i kyrkja. Det syns han var spennande. Eg trur det var viktig at han var så forberedt som han kunne bli på det som skulle skje.

Resten av dagen husker eg fint lite av... Trur eg snakka med fastlegen min på telefonen. Ho hadde ordna med samtale til meg på psykiatrisk poliklinikk på fredagen, dagen etter begravelsen. Det meste av førebuingane til begravelsen var det svigermor som tok seg av. Eg syns det var heilt greit, eg svima rundt i mi eiga boble.

På kvelden var familien min og bestevenninna mi på besøk. Utruleg godt å ha venninna mi der, eg kjente eg var veldig uroleg den kvelden. Før eg la meg måtte eg på loftet og finne sko til dagen etter. Eg var ikkje sikker på kor dei var, og snakka litt med meg sjølv der oppe, og det tok ikkje lang tid før eg fann dei. Han var ein del på loftet og jobba, og eg følte ein ro over å vere der oppe.

Denne blei med han i kista. Det er ein tydelig symbolikk i den. Fire roser på samme stilk. Ei stor rose, litt vissen, ei litt mindre utsprungen rose, og to knoppar, eine litt større enn den andre...